torsdag 14. februar 2008

På Bussen 2

Det har vore stille på bussen ei stund, kanskje det er nordmenn i vinterdepresjon som er årsaka. Uten tvil så har vel mørketida ein viss innvirkning på psyken vår.

Ei anna gruppe personar synes derimot å være i konstant dvale og det er mange av dei på bussen kvar dag. Det er dei med høretelefonar og eg meiner ikkje dei med små ørepluggar. No skal det være svære øreklokker som ogso no vinterstid sikkert kan fungere som ørevarmarar. Det er vel kanskje det mest positive, men eg er redd skadevirkningane av konstant høg lyd er meir overhengande enn skaden påført ved eventuell forfrysning. Til det er vintrane i Norge forlengst blitt for milde.

Det er ganske mange kvar dag i bussen med dette utstyret som dopar seg med musikk på vei til skule eller arbeid...overraskande mange og så er det jo nokre få i tillegg som har litt meir kamuflerte ørepluggar.
Fleire ganger har eg vore uheldig å måtte sitte ved sida av slike og verre enda er det om du har ein eller to til på seterada ved sida av. Det er jo ofte ikkje heilt lydløst for oss andre heller, du kan lett høyre skramling og skraping fra begge kanter og i tillegg er det nokon som har "godfot" og trampar takten i tillegg.

For buss-sjåføren er det heller ikkje heilt uproblematisk. Når bussen er full av folk og folk fyller midtgangen må av og til sjåføren gi beskjed for å få passasjerane til å flytte lenger innover i bussen. Det er fåfengt når det gjeld desse med øreklokker; dei rikkar seg ikkje...dei har jo ikkje høyrt nokonting. Sist veke var det 4 passasjerar fra Helsfyr som ikkje fekk plass i bussen og måtte vente på neste pga øreklokkefolka.

Ein annan dag var det ein som blokkerte utsikten mot bakdøra på bussen for sjåføren slik at han ikkje var heilt sikker på når folk var heilt ute. Han ga beskjed over høytalaren, men guten med øreklokkene rikka seg ikkje. Til slutt var det ein medpassasjer uten øreklokker som tok affære å flytta han med makt.
Eg likar ogso musikk, men alt til si tid og eg trur det er bra med stillhet iblandt ogso.

Så har vi mobiltelefonar. Ja, dei kan jo være ei pest og ei plage mange stader, so ogso på bussen. Skal sjølv innrømme at eg har snakka i mobil på bussen, men ikkje so ofte og ikkje så høg prating at alle andre kan høyre det. Har ofte lurt på kvifor mange folk må snakke eller skrike så utruleg høgt når dei snakkar i telefon!! Eg har funne ut at det er mange som berre har av/på knapp på stemma si og at når den er på er den i tillegg alltid på fullt volum. Født uten volumknapp!! eller kanskje det er dei samme som har brukt øreklokker for lenge..kven veit?

Altfor ofte kan heile bussen høyre ka dei snakkar om og det er av og til pinleg...spesielt når det blir snakk om personlige ting. Ein kveld eg var seint heim fra jobb var det ei jente som fortalte i detalj om korleis kjæresten (sannsynlegvis allerede ekskjæresten) hadde kasta ei flaske i hode på ho; ho hadde ogso plaster i skallen, men for meg hadde det igrunnen vore like greit å ikkje visst kvifor.

Eg har ogso høyrt at det kan være eit (sikkerhets)problem fordi mange ogso sit og snakkar om jobben sin og nevner folk ved navn osv. Kanskje er det andre i bussen som jobbar i samme bedrift som du ikkje kjenner eller at du kjenner den det blir snakka om. Uansett kor nysgjerrig du er så trur eg folk er lite interessert i å høyre detaljar om andre sitt privatliv eller problem på jobb...iallefall dersom du ikkje kjenner dei likevel!

Det er overraskande få som les bøker eller aviser på bussen, kanskje liker dei ikkje at den som sit ved sida av ser ka du les. Ein grunn er vel likevel at dette ikkje er så lange bussreisa.
Det er stor mangel på norske buss-sjåførar spesielt i byane, dei seier at arbeidstilhøva og lønna er for dårlig. I Oslo har dei i vinter fått inn 100 buss-sjåførar fra Slovakia som lovprisar arbeidstilhøva og lønna. Jaja, ein kan vel forstå begge partar...det kjem litt an på ka ein er vant til fra før eller rettare sagt kor bortskjemt vi her på berget er blitt etter kvart.