tirsdag 10. juni 2008

Vestland, Vestland

Vestland, Vestland(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.

Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.

Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval.

Ja, eg var ein tur på vestlandet i helga og det er jammen ei stund sidan sist. Eg var til Bergen først, det gjorde egentlig ikkje noko inntrykk på meg, men eg køyrde over Vikafjellet til Sogn;
til Vik, Vangsnes og Balestrand og seinare vidare innover fjorden til Lærdal.
Da slo det til at eg verkeleg hadde sakna dette og spesielt Balestrand regionen må vel seiast å vere ein av dei finaste stadene på jord.
Veret var også fantastisk, det var sol, varmt og vindstille. Det er noko avdet som irriterer meg mest med å bu i Oslo; at det aldri er vindstille uansett kor fint ver det er.
Kanskje det på mange måtar er best slik; å bu på avstand slik at ein kan bevare glansbildet av vestlandet uten å måtte vere der i alt drittveret!
Ved midnatt sat eg ved Manheller ferjekai og skua innover fjorden mot Årdal og mot Lærdal,
dette området er praktisk talt ubebodd og eg såg berre eit par lys på sørsida av fjorden...det var
varmt og heilt stille...eg tenkte; hvis eg hadde vore på same staden for tusen eller totusen år sidan,ville eg ha sett nett det samme, den stille fjorden, lydane og fjella som reiser seg rett opp fra fjorden.
Vel, fårhåpentligvis ville det ha vore eit vikingskip istadenfor ferja som låg på andre sida ved Fodnes og ventetida ville ikkje ha vore lenger, snarare tvert imot.