lørdag 9. oktober 2010

Nobelprisen

Så har Jagland klart det igjen! Han sluttar aldri å overraske, irritere, lage storm eller rettare sagt; dumme seg ut. Han har vel lurt lenge på korleis han skulle toppe fjoråret med valget av Obama, det måtte vel i så fall være Osama Bin Laden. Det blei det ikkje, han gikk i ein heilt annan retning, men likevel kontroversielt. Nå var det jo ikke noka stor overrasking sidan kinesaren har vore favoritten i media og var også eit av dei heitaste namna sist år.
Eg er forsåvidt samd i at Liu Xiabo er ein verdig prisvinnar og er fengsla urettvist, men eg set ein del spørsmålsteikn ved nytten eller effekten av å gi prisen til han. Utviklinga på dette området går sakte framover i Kina og eg er redd at dette berre set alt i revers for ei tid. Norge har jo hatt ei spesiell samtalegruppe om menneskerettar gåande med kinesiske leiarar dei siste åra og eg trur det er den beste og mest effektive måten å gjere dette på.
Kinesarane er stolte av landet sitt og den posisjonen dei har fått inernasjonalt dei siste åra. For asiatar er det viktig å ikkje tape ansikt, så ogso for kineserane. Dette er jo eit slag rett i trynet på dei kinesiske leiarane og landet blir hengt ut for mangel på menneskerettar. Her har vi nok ein kulturkollisjon, vår vestlege tolkning av menneskerettar blir tredd ned over hovuda på andre kulturar. I Kina har dette aldri vore nokon tradisjon og folk flest bryr seg lite og har ikkje noko problem med dette.
Sjølvsagt er det mangel på menneskerettar i Kina både for religiøse og politiske grupper, men å tru at ein kan presse eller true eit av verdas største og mektigaste land er å tru på julenissen. Det som vil skje no er at fleire opposisjonelle blir fengsla og det blir verre istaden for betre,
Det blir også verre for lille Norge. Vi vil tape milliardar av kroner på dette hvis Kina blir skikkeleg sinte. Forholdet mellom Norge og Kina har vore ekstremt godt dei siste åra og som det første landet i Europa var ein frihandelsavtale med Kina nesten klar, siste møtet skulle være i desember. Det er stor fare for at dette no blir lagt på is. Handelsminister Giske er truleg ikkje særleg fornøgd; her kjem Jagland og øydelegg alt han har jobba for. Norsk eksportindustri hoppar heller ikkje i taket av glede.
I Kina har dei vanskeleg for å skjønne at Nobelkomiteen og Regjeringa er heilt uavhengige av kvarandre, derfor vil dei nok straffe Norge.
Etter å ha tenkt litt på dette så er dei vel kanskje ikkje så uavhengige som vi likar å tru. ikkje slik at regjeringa i Norge legg ned veto eller i det heile blir spurt, men kven sit i denne komiteen? Det er jo stort sett avdanka politikarar, tidlegare Stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemer og til og med ein eks statsminister! Korleis skal Kineserane skjønne at det ikkje er noko kobling her? Trur kanskje for Noregs skuld at det er på tide å få inn nokre vanlege folk i denne komiteen...og kor lenge skal vi slite med Jagland....han gir seg vel ikkje før han har fått gitt fredsprisen til EU!
Å gi fresprisen til dissidentar i eit land skaper ikkje fred, snarare tvertimot. Dette skaper berre trøbbel.