søndag 30. mars 2008

Sommartid

Mesteparten av snøen forsvann i går, iallefall her nede i sentrum, so det passar ganske bra.
Baksida er berre at det var tilfeldigheter som gjorde meg oppmerksom på at det var denne
helga vi skulle stille klokka tilbake.
Det er vel på sin plass med ein hyllest til den lenge etterlengta sommaren som no er i kjømda
Dolores Keane med Summer of My Dreams:
http://www.youtube.com/watch?v=Nehto0M3Lvs

PS. Ellers synes eg at det er eit kjempegodt forslag at alle som vil protestere mot og boikotte sommar OL i Beijing kan starte protesten med å ta av seg alle kleda som er produserte i Kina, så får vi sjå ka som skjer!

søndag 23. mars 2008

TIbet, litt historie

Litt historie.
Eg har lest i media i vesten at Tibet aldri har tilhørt Kina for Mao sine styrkar invaderte Tibet i 1951. Det er dessverre ikkje sant. Det har vore kontakt i tusener av år. Ikkje berre har Kineserane vore tilstades som styrande eller medstyrande i Tibet, men tibetanarane har også erobra deler av Kina og i en del år hadde dei kontrollen til og med til den gamle kinesiske hovedstaden Xi'an (755-841).
Det har ogso vore tider med fredeleg sameksistens mellom Kina og Tibet. Ei kinesisk prinsesse; Wen Cheng fra Tang Dynastiet gifta seg med den tibetanske kongen, dette skjedde ca 641.
mykje av konflikten mellom Kina og Tibet har dreia seg om kontroll av handelen pa Silkevegen.
Seinare var det også eit viktig giftarmal mellom ei Tang prinsesse Jin Cheng og ein tibetansk konge ca 704.
Etter ein periode med stor tibetansk inflytelse og makt gikk det tilbake til eit føydalt system og dei mista kontrollen over sine eigne og okkuperte områder. Det er for ein lang periode lite opplysningar om Tibet.
Tibetanarane var eit nomadefolk og dyrka ikkje jorda. Det kinesiske Tang dynastiet sendte ekspertar pa mange område og lærte tibetanarane jordbruk, vinlaging, lage papir, vannmøller etc.
Etter dette fekk Buddhismen fotfeste i Tibet og over tid utvikla dei sin eigen retning av Buddismen. Allerede på den tida vart det ein religiøs konflikt mellom kineserane sin Taoisme og tibetanarane sin Buddisme.
Det kinesiske Song dynastiet fra omkring 900 hadde så ein fredelig sameksistens med Tibet heilt til Monglarane ved Djengis Khan (Yuan dynastiet) erobra området tidleg på 1200-tallet. Djengis Khan var smart, alle område han erobra satte han inn lokale folk som leiarar og han brydde seg lite om religionar og la seg ikkje opp i slike saker.
Qing og Ming dynastiet vidareførte langt på veg denne tradisjonen og tibetanarane fekk også utøve sin buddistiske religion.
Under Qing dynastiet 1700-1911 var det ei god tid for Tibet, mange buddistiske skrifter blei printa og tempel bygd og gjennoppbygd.
Fra 1840 kom så dei europeiske maktene på banen med opiumskrigen og handelskrigen. Etter at britane hadde erobra India prøvde dei seg på Tibet og ved eit tilfelle i 1904 massakrerte dei 1000 forsvarslause tibetanske soldatar og nådde Lhasa. Den 13de Dalai Lama måtte flykte til Mongolia. Kinesarane forhandla fram en løsning med engelskmennene og sendte inn en hær med 1000 soldatar.
I 1911 gav det Qing dynastiet opp makta og systemet som hadde styrt denne regionen i tusener av år og for ei stund var det mange stader kaos. Kuomintang oppretta republikken Kina i 1911.
Tradisjonelt var ikkje tibetanarane så interessert i sjølvstyre; bare en stad dei kunne utøve religionen sin fritt. Den nye kinesiske republikken hadde ikkje soldatar i Tibet, men likevel sendte den 13de Dalai Lama representantar til den sentrale regjeringa i Kina.
Mao danna Folkerepublikken Kina i 1949 og i 1951 overtok dei Tibet sjølvom det var sterk motstand fra den lokale regjeringa i Lhasa. Etter kvart blei spenninga stor mellom Dalai Lama og kineserane og han flykta så til India i 1959. Kineserane for hardt fram og mange religiøse tempel blei øydelagt og mange sivile drepne.
Det er vel ein kjensgjerning at amerikanarane og CIA var innblanda også her, spesielt med å få Dalai Lama (som framtidig opposisjonsfigur) ut av landet. Heldigvis eller uheldigvis alt etter som hadde amerikanarane viktigare ting og ta seg av på den tida; Koreakrigen.

Kulturkollisjon og storpolitikk

Det er ikkje "bare bare" å leve sammen med noen fra en heilt anna kultur og verdensforståelse.
Det oppstår nesten daglig små ting og problem som ma løysast. I det siste har vi ogsa fått storpolitikken rett inn i stova: TIBET. Det satte et kinesisk sinn i fyr og flamme. Eg var klar over
det, for eg har snakka om Tibet med kineserar før og det er ikkje nett det lettaste ein gir seg ut på. Da får ein til svar at Tibet er ein del av Kina, ferdig med det.

Vi i vesten og kanskje spesielt i Scandinavia trur ofte at vi har alle svar og at vi ser objektivt på alt, at vi er nøytrale. Eg har oppdaga at det ikkje alltid er tilfelle, våre synspunkt og standpunkt er også ofte farga av politisk og kulturell tilhørighet. Det er vi nok ikkje altid klar over. Vi har jo pressefrihet i motsetning til Kina, men er det nødvendigvis objektivt og rett for det? Det blir ofte at alle deltar i samme hylekoret og politikarane hiver seg på dei ogso. Kan ikkje hugse at eg har sett eit einaste nyansert syn på situasjonen i Tibet hverken fra presse eller politikarar.

Når det gjeld Tibet så hadde eg også før det samme synet som alle i vesten at dette fjell landet er underkua og utnytta av Kina. Situasjonen innanfor husets fire vegger ga meg imidlertid en sjanse til å undersøke litt i historia.
Eg har laga ein kortversjon av historia som du kan lese i en egen post på bloggen.(Snart).


Kvifor har vesten så stor interesse av å forsvare Tibet? Det er vel svert lite sannsynlig at dette landet ville klart seg aleine som egen stat. Den einaste måten dei kunne eksistere på ville vel vere som eit føydalsamfunn totalt underlagt Dalai Lamas styre og den Buddistiske religionen. Kva med menneskerettane i eit slikt system?

Sanninga er at Kina held liv i dette landet og pøser inn store ressursar i form av kunnskap, infrastruktur, pengar og ikkje minst mat kvart år. Meir enn 200 mill. $ kvart år. Kor skulle dese midlane komme fra? Uten Kina eller ei anna utanforståande stormakt hadde dette landet vore eit av dei mest underutvikla og fattige land i verda.


Religionen i Tibet er vel heller ikkje noko ein bør forsvare så sterkt. Eg har vore på eit buddistisk senter på eit fjell i Kina og det var skremmande og motbydelig. Den tibetanske versjonen av Buddismen er enda verre og folk er totalt underlagt religionen og dei styrande og i praksis liveigne slavar. Kva er så bra med det? Faktisk har nok tibetanarar flest det betre no enn dei nokon gang har hatt. Einaste problemet er at Kina ikkje tillater at Dalai Lama skal komme tilbake og religionsfriheta er det vel så som så med. Det kan ein kritisere Kina for; at dei har fore vel hardt fram, men så lenge Dalai Lama og hans tilhengarar snakkar om eit uavhengig Tibet så må ein rekne med det.

Kineserar flest oppfattar det som no har skjedd som eit forsøk fra Dalai Lama og vesten på å øydelegge for Kina som no til høsten skal arrangere sommar OL. Kanskje har dei rett, kven veit?
Da Dalai Lama forlot Tibet i 1959 var det med hjelp fra CIA, kanskje hjelper dei til no ogso? Dei har jo "hjelpt" til så mange stader.

Mange land har lignande problem som Kina har med Tibet. Rusland har opp til fleire "Tibet". Kva med Kurdistan og kurderane som er delt opp mellom Tyrkia, Irak, Iran og enda fleire. Når skal vi bry oss om dei og gi dei deira eige land. Det var ikkje så veldig store protestar når Tyrkia nyleg marsjerte inn i kurdiske områder i nord-Irak. Kva med Nord-Irland? Finske Karelen i Rusland, amerikanske indianarar, urinnvånarane i Australia og våre eigne samar osv, osv.


Det er egentlig ganske utrulig korleis denne Dalai Lama slepp til alle stader i vesten. Til og med har denne "vanlige mannen" fått Nobels fredspris. For kva? Kvifor skal vi omtrent forgude denne mannen? Religionen han representerer er ikkje noko å trakte etter. Kanskje er han populær pga av sitt dårlige forhold til Kina.
Igår var det tenning av den Olympiske ild i Hellas. Også der prøvde Tibetaktivistar seg på ein protest mot Kina. Nokre timar før såg eg eit intervju med Dalai Lama på CNN der han sa at han ikkje var imot at Kina skulle arrangere sommar OL og ikkje ville legge hindringar i veien for det.
Enten lyg han eller så er han dum...eller kanskje heller begge deler. Det er vel ganske naturlig at dei som kjempar for eit sjølvstendig Tibet vil bruke sommar OL i Beijing for alt det er verdt.

Kina er eit fleirkulturelt samfunn med omlag 56 etniske minoritetar. Opp gjennom historia har dei ulike dynastia tilhøyrt ulike folkegrupper, ikkje berre Han-kineserar. Djenghis Khan og hans Yuan dynasti var f.eks. mongolarar. Dette har aldri vore så viktig i kinesisk historie; det overordna målet har heile tida vore å halde riket saman og nesten alltid har leiinga vore sammensatt av folk fra ulike etniske grupper.

I det siste har jo både Hong Kong og Macao blitt gjenforent med Kina uten spesielle problem, kva skulle vere så spesielt med Tibet? Denne veka var det også presidentvalg på Taiwan og den nyvalgte leiaren der går også inn for tettare band til Kina.

Vel, dette var bare litt for å få litt balanse i saka som ser ut til å ha ei stor slagside.

Sjekk denne snutten om Tibet http://www.youtube.com/watch?v=x9QNKB34cJo

Til slutt, ei lita musikalsk gave den kalde snøfulle marsdagen: Songbird

http://www.youtube.com/watch?v=AFFo1pu4q7Q