tirsdag 22. juli 2008

Eit stykke Norge i Beijing

Igår var vi på Peppes Pizza i Beijing. dei har allerede opna 2 restaurantar her og er i ferd med å opne den tredje. I Shanghai har dei også etablert seg.
Det var artig å komme dit med to store troll utanfor døra og med kjempegod pizza. Norsk pizza er faktisk i verdensklasse og mykje betre enn dei lokale kjedene. Dei klarer ikkje å lage hard, sprø kant rundt pizzaen.
Artig var det ogso å høyre ein gjeng med trønderar som koste seg på eit nabobord.
Trur nok dei vil få bra innrykk under ol.
Ellers var restauranten fint innreda og pynta med ein del typisk norske gjenstandar som f.eks eit par gamle ski på veggen.

mandag 21. juli 2008

Sommerrapport fra Beijing

Norge er eit lite land og Beijing er ein stor by.
Qingdao, byen ute ved kysten som skal arrangere seglekonkurransane under ol er ein middels stor kinesisk by på ca 5 millionar menneske, altså større enn Norges befolkning.
Det var godt å komme vekk ei stund fra det trangsynte Norge der ikkje ein gong er naturleg at hovudstaden har nokre høghus av betydning bortsett fra SAS hotellet. At det var bygt er vel nærast eit under. Personleg synest eg at i det minste Oslo bør ha ein del skikkelege høghus. Her i Beijing er det massevis og eg synes mange av dei er skikkelig vakre med flott og spennande design.

Eg såg i ei norsk avis her for ei vekes tid sidan at det var ein norsk arkitekt som vil bygge eit høghus av glass ute i sjøen på Oslo havn. Det ville blitt litt av ein sensasjon og satt Oslo på verdenskartet. Desverre har eg mine tvil om planane vil bli godtatt. Demokrati og medbestemmelsesrett er nokre ganger ei svøpe. Det er så mange som skal uttale seg om alt mulig og ting tek all verdens tid og til slutt skjer ingenting...iallefall ikkje noko som er nytt spennande og spenstig.

Kina og spesielt Beijing står meir eller mindre på hovudet før ol; alt dreier seg om ol. Heile nyhetssendingane på TV er om forberedelsane før ol og nesten alle andre program også. Det blir sendt TV snuttar om korleis folk bør oppføre seg og ta vel imot utlendingar.

Det har vore mykje snakk om forurensninsnivået i Beijing som er for høgt og kan være til fare for spesielt ol øvelsar som maratonløp o.l. For eit par veker sidan blei nesten 200 hundre fabrikkar utanfor Beijing stengt og fra idag 20 juli er biltrafikken praktisk talt redusert til det halve i og med at du kan berre køyre annankvar dag avhengig av siste sifferet ditt på bilskiltet er partall eller oddetall. Det er tydeleg at trafikken er redusert; det testa vi ut idag da vi var ute på ein køyretur. Det var ikkje køar i det heile tatt på stader der det vanlegvis er full stopp.

Om forurensinga er mindre får vi håpe, det er ikkje så godt å merke. Sant og sei så har eg ikkje lagt så mykje merke til den så mykje omtala forferdelege forurensinga i Beijing. Rett nok er det ofte disig eller overskya her, men om det er forurensing eller ikkje er ikkje så lett å fastslå da den iallefall er luktfri.
All byggeaktivitet innanfor tredje ringvei er også stoppa opp så dei før så mange og stadig aktive byggekranene er no stoppa.

Det er 6 ringveiar i Beijing med 3-5 køyrefelt i kvar retning. Under ol er den innerste fila på dei 3 innerste ringveiane forbeholdt ol-kjøretøy slik at alle skal komme fram i tide.

Det er ikkje noka røykelov i Kina og du kan stort sett røyke overalt og det gjer dei. På ein del «finare» og sentrale restaurantar der det kan komme ol-turistar er det no innført røykeforbud. Det er i det heile sett i verk så mange ekstra tiltak over det heile at det nesten er å betrakte som ei krigssone. Trafikken inn til Beijing blir nøye kontrollert og bilar blir gjennomsøkt omtrent som mellom det gamle Øst-Tyskland og Vest-Tyskland. Sikkerhetsoppbudet alle stader er massivt uten at ein egentlig merkar so mykje til det. Det er sagt at ca 200 tusen politifolk er i aksjon for å sikre eit ol uten «episodar» av noko slag.

Byen er pynta med vimplar langs gatene og dei mange trafikkbruene er også dekorert med banner om ol. Det har alltid vore mange fine beplantingar og blomsterarrangement langs ringvei 1, 2 og 3. Iår er dette sjølvsagt enno vakrare og imponerande enn nokon gang før.

Eg har vore rundt og sett på nokre av ol anlegga og mange av dei er imponerande byggverk; spesielt ol-stadion «bird's nest» og svømmehallen. Eg trur leikane vil bli ein suksess og spesielt åpningsseremonien vil nok bli spektakulær. Er det noko kineserane kan så er det å sette i scene slike massearrangement.

Kineserane er veldig patriotiske og det er vel sannsynleg at dei vil bli beste nasjon og ta flest medaljar under dette ol. Den vanskelegaste medaljen å forsvare blir vel kanskje den på 110m hekk. Han har iet overmenneskeleg press på seg da alle kineserar forventar at han skal kopiere den overraskande seieren fra Athen. Hittil iår har Liu Xiang ikkje imponert så veldig, men han har heller ikkje deltatt på så mange løp, sikkert med hensikt.

Iallefall så er ol forberedt til aller minste detalj både på godt og vondt så det vil nok bli eit av dei mest velregisserte ol nokon gong arrangert. I tillegg er kineserane vennlege, imøtekommande og serviceinnstilte til tusen så alle tilreisande vil nok få eit minne for livet.