fredag 20. mars 2009

KLIMA

Denne vinteren har jo vore som manna fra himmelen for å bruke eit bibelsk uttrykk. Det har vore skikkeleg god gammaldags vinter igjen. Kanskje er ikkje naturen så ute av lage som mange vil ha det til. Det trur no eg, det har alltid vore store svingningar i eit lengre tidsperspektiv enn det vi til dagleg tenker på. Moder jord kan ta imot og stå imot mykje.
Karbondioksid for meg som driv med planter er for eksempel berre av det gode. Meir karbondioksid betyr meir plantevekst (fotosyntesen, folkens!) og når vi skal brødfø stadig fleire menneske så er jo ikke det av vegen.
Norske politikarar (spesielt dei i posisjon) trur dei kan løyse alle miljøproblem med å forby saker og ting. Innan 2015 skal det visst bli slutt på ved lov og ha bilar som går med bensin og diesel og å brenne andre former for fossilt brensel. Det høyres enkelt ut; berre forby eller vedta ein ting og alt ordnar seg. Så vidt eg hugsar er det mange ting ulike regjeringar har vedteke uten at ting har ordna seg så veldig mykje av den grunn...sjukehuskøar, barnehagedekning etc.
Kanskje dei også skulle vedta ei lov mot naturkatastrofer og dårleg ver, så kunne vi leve trygt i andedammen vår.