fredag 27. februar 2009

Hijab og Nynorsk

Deke lurer vel på overskrifta. Det er ikkje noken direkte sammenheng, men berre at det er to tema som har vore oppe i media i det siste. Hijab debatten og påstander om snikislamisering fra Siv Jensen er saker som har pågått ei stund. Dei siste dagane har også den norske språkdebatten blussa opp igjen etter å ha lagt stille altfor lenge.

La oss ta det første først. Av mine 8 beste venner (utenom familie) er 2 muslimar, 2 hinduar, 1 buddist, 2 katolikkar og 1 maoist/erkekommunist. Altså ingen etniske nordmenn fekk faktisk plass på lista. Kanskje ikkje så rart. Eg har nett vore ei veke i Kina og var bedt ut og møtte fleire kjente enn eg har gjort på det siste halve året i Norge. 
Grunnen til at eg seier dette er å for å prøve å overbevise deg om at eg ikkje er rasist. Eg er nemlig enig med Siv Jensen. Dette er Norge og vi har vår egen kultur som vi må passe på. Visst skal vi respektere og akseptere andre kulturar og religionar, men vi må ikkje være dumsnille. Vi må ikkje bli meir muslimske enn sjølv muslimske land slik ein norsk pakistanar så treffande sa det. Når hijab ikkje eingang er tillatt hos Politiet i sjølv mange muslimske land så er det vel ikkje naturlig her heller. Kor dumme kan vi egentlig bli her på berget. Vi kan jo berre prøve å få bygt et kristent forsamlingshus i Iran eller Pakistan. Det hadde nok aldri gått. I Oslo har dei flust opp av moskear allerede, eg har sjølv budd rett ved sida av den nyaste av dei.Når du flyttar til eit anna land må du nesten finne deg i korleis det er der og innrette deg etter systemet. Ein annan ting er at dersom du blir tvungen til å forlate landet ditt av ein eller annan grunn så er det vel litt dumt å prøve å gjenoppprette det samme du flykta fra på den nye staden.
Idag såg eg at Frp hadde hoppa fram 6 % på meiningsmålingane. Ikkje så rart etter det som har skjedd. Det er vel et utslag av sunt norsk folkevett. Eg trur faktisk ikkje dette har noke med rasisme å gjere i det heile tatt, men et forsøk på verne om verdiar og norsk kultur.

Da har vi en naturlig overgang til Nynorsk. Språkrådet har i sin store visdom satt fingeren på at journalistar ikkje får lov til å skrive på det målføret dei vil. Det gjeld i første rekke dei store hovedstadsavisene som er kjemisk reine for nynorsk. Tabben språkrådet har gjort er å foreslå at avisene skal straffast økonomisk for dette ved redusert pressestøtte. Dette førte jo til at nynorskmotstandarane gjekk heilt i vranglås. Ikkje så lurt, men på ein måte var det kanskje smart; ein fekk iallefall liv i språkdebatten igjen. Der har det vore stille lenge. Dialektane er på frammarsj og ein trudde vel at motstanden mot nynorsk var på retur. Blandt folket trur eg det er slik, men å høyre redaktørane i Aftenposten og VG på fjernsyn her om kvelden var som eit gufs fra middelalderen. Norsk er eit lite språk så ein skulle tru det var viktigare å samarbeide å styrke norsken mot større truslar utanfra som engelsk. At folk i eit fritt land ikkje får skrive på det "norske språket" ein vil er jo ganske utrulig. Eg blei så provosert at eg bestemte meg for at eg aldri skal kjøpe VG meir så lenge dei forfektar dette standpunktet. Egentlig en tom trussel sidan eg aldri kjøper VG....men, men. Da er vel den neste avgjerda mi meir virkningsfull; at eg i jobbsammenheng sluttar å knoteskrive bokmål. Heretter blir alle publikasjonar på nynorsk. Når eg tenkjer på korleis bestefar min kjempa for nynorsken så følest det rett å fortsette den linja.

mandag 9. februar 2009

Hei igjen!

Beklager den lange bloggepausen. Det var ikkje meininga og eg er ganske skuffa over meg sjølv.
Det har vore eit travelt halvår med svært mykje skrivearbeid både privat og jobbmessig så det har vore så som så med inspirasjonen.
Det har jo vore meir enn nok som har hendt som kunne vere verdt å kommentere; Presidentvalget i USA, Gaza krigen, Økonomikrisa, Vinter i Norge og meir til, men hendt er hendt og spist er spist. Eg bekymrar meg ikkje, det kjem nok til å hende meir som er verdt å skrive om tenkjer eg.
På snarlig gjensyn!