søndag 13. desember 2009

Nobelprisen igjen

Det blei en stor suksess, men det er ikkje pga av Jagland. Dei fleste meiner vel fortsatt det samme om tildelinga, men det var jo ikkje Obama´s feil. Han er den første amerikanske presidenten på lenge som skaper begeistring og framtidshåp for mange og det var det folk var opptatt av.
Vi får inderlig håpe at om 5 eller 10 år kan vi sei at han fortjente den, men uansett...Nå var det ei gal tildeling.
Så ser eg at Jagland får 2,2 mill i året for sin nye jobb i Europarådet, ikkje skal han betale skatt heller hverken til Frankrike eller Norge. I tillegg stort flott hus, null husleige, 4 tenerar og fleire bilar.
Det er vel ikkej så vanskeleg å skjønne kva eg meiner om det. Oss andre som har jobba i utlandet har betalt skatt både til det landet vi jobba i og til Norge. Ikkje likt for alle nei.
Tenk på alle pensjonistane som har slete heile livet for å kjøpe seg hus i Spania og flytte dit...dei må fortsatt betale skatt både her og der.
Skulle visst ha blitt politikar og laga sine eigne lover og reglar!!!

tirsdag 8. desember 2009

Fredsprisen

Norge er latterligjort over en heil verden takka være Jagland. Enda verre blir det ved at Obama sjølv ser ut til å sette svært liten pris på utnevninga...så liten at han avlyser det meste av det som var planlagt under norgesbesøket. På denne måten kjem fredsprisen i vanry på alle måtar først ved en idiotisk utnevnelse og så ved at prisvinnaren ikkje viser nok respekt for prisen og utdelinga som sådan. Ein kunne vel like gjerne ha avlyst heile besøket og sendt prisen i posten til han.
Jagland sluttar visst ikkje å overraske negativt, men at han fekk med seg resten av komiteen på dette er jo ganske uforståelig, trudde fleirtalet av dei var nokolunde oppegåande menneske.
Heldigvis har han visst fått seg jobb i Europa så vi blir kvitt han for ei stund. Håper at han ikkje finn på fleire sprell og dummar oss ut enda meir.
Ein del andre politikarar har hatt vet nok til å slutte i tide, mens andre held på til the bitter end. Rett nok er ikkje Jagland pensjonist, men av andre åpenbare grunnar skulle han ha trekt seg stille og rolig tilbake mens tida var god. Ein annan slik gammal tulling er jo Willoch som uttalar seg om alt mulig og merkelig nok så vil ein del av desse avdanka politikarane skifte totalt meining om saker og ting når dei ikkje lenger er i posisjon. Det må eg sei at eg reagerer sterkt negativt på.
Er vel redd for at fredsprisen sitt renomme etter dette er betydelig svekka.