søndag 4. oktober 2009

Valget 2009 og litt til

Ja, eg er fremdeles her, dvs. eg har flytta til Nes kommune på Romerike, nærmare bestemt Neskollen, Hvam. Det er litt meir innland her, men det får gå for ei stund. Ikkje så verst med fritt utsyn over bølgande kornåkrar og skog og litt fjell i øst mot svenskegrensa.
Eg var i utgngspunktet tenkt å skrive litt kvar veke, men no er det snart nesten 6mnd sidan sist.
Får vel begynne på nytt igjen da!
Det har vore Stortingsvalg i Norge. Eg må sei at eg ikkje følgte så veldig mykje med på debattane som var, trur ikkje det hadde forandra så veldig mykje på mitt valg. I tillegg så forhåndsstemte eg ganske tidlig og det følgte ikkje med noke angreskjema slik at eg kunne forandre på det. Ikkje at eg nødvendigvis ville gjort det, men eg kunne kanskje ha stemt litt meir taktisk.
Eg er ein av dei som hadde ønska ei forandring. Det ville fleirtalet av det norske folk også; det var visst ca 50.000 fleir stemmer på den borgarlege sida, men likevel så sørger valgordninga for at dei tapte valget. Kanskje er det på tide med ein revisjon av denne valgordninga sidan det kan få slike følgjer. Ein sit ikkje akuratt att med den største respekten for det såkalla demokratiet etter dette.
Ein kan stille seg spørsmålet om det er noken vits i å stemme i det heile tatt, særleg i dei sentrale strøk der ei stemme ikkje tel like mykje som i distrikta. Eg er for å bevare distrikta, men ikkje på denne måten. Ei stemme må telje likt uansett kor den kjem ifrå ellers kan ein rekne med at valgdeltakelsen kjem til å synke enda meir.
Vel, regjeringa fortsett med små kosmetiske forandringar og vinteren er på veg så det er berre å trekke (nisse)lua godt ned over øyrene og la det stå til.