tirsdag 22. juli 2008

Eit stykke Norge i Beijing

Igår var vi på Peppes Pizza i Beijing. dei har allerede opna 2 restaurantar her og er i ferd med å opne den tredje. I Shanghai har dei også etablert seg.
Det var artig å komme dit med to store troll utanfor døra og med kjempegod pizza. Norsk pizza er faktisk i verdensklasse og mykje betre enn dei lokale kjedene. Dei klarer ikkje å lage hard, sprø kant rundt pizzaen.
Artig var det ogso å høyre ein gjeng med trønderar som koste seg på eit nabobord.
Trur nok dei vil få bra innrykk under ol.
Ellers var restauranten fint innreda og pynta med ein del typisk norske gjenstandar som f.eks eit par gamle ski på veggen.

2 kommentarer:

Maria Forsberg sa...

Hm.. artig!
Det er alltid deilig å ha ein trygg fast meny el spisested når ein er på ferie. Godt å vite kva ein får om ein skulle være veldig sulten og lei av å eksprimintere.
Var det norske som jobba der el kinesere som har fått opplæring kanskje.
Skal du på ol?

Anonym sa...

Nei, det var berre kineserar som jobba der som eg såg.
Eg reiser jo heim berre nokre dagar etter åpninga så det var ikkje så mange interesante ting å få billett til. Omtrent alt er forlengst utsolgt. Er blitt tilbudt billett til åpningsseremonien for nokre hundretusen!! Trur det er best på TV.