onsdag 15. april 2009

Flight SK996

Sitter på flyet fra Beijing til København. Nett no er vi over det vestlige Sibirs lavland som det så vakkert heiter- Det er fint flyver og vi kan derfor betrakte landskapet under oss . Slik har det vore sidan vi forlot Beijing. Det var det over 26 varmegrader i dag og full sommer etter norske forhold. Over Mongolia og det østlige Siber var det nesten ikkje snø, berre på fjelltoppane og dei isbelagte store elvane som buktar seg under oss. Det er også nokre store karakteristiske runde innsjøar i nærhetene av Irkutsk- Lenger vest er det meir snø og landskapet for det meste kvitt. Vi er no på høgde med Omsk, men mykje lenger nord. Vi nærmar oss Uralfjella om vel en halv times tid.
Er spent på korleis været er der. Sjølvom eg har reist denne strekninga over 20 ganger har eg sjelden sett så mykje av fjellkjeda da det nesten alltid er skyer der. Kankje bedre lykke i dag. Vi er litt over halveis med ca 3900 km til Beijing og 3300 km til København. Vi vil passere omtrent midt på Ural, eit godt stykke nord for Yekaterineburg..
Eg var litt sein med å sjekke inn i dag, det kan av og til være en fordel, ein har jo lært nokre knep opp gjennom åra. Flyet var så fullt at eg blei oppgradert til Economy Extra. Det betyr bedre plass, bedre seter og bedre service. Reiser med SAS i dag og må innrømme at dei har bra service og god mat og eg skal ikkje sei noke meir om SAS sine flyvertinner denne gangen. Eit anna godt råd til den som skal ut og reise litt langt er å kle seg pent slik at ein skil seg litt ut fra den vanlige turisten. Prøv å sjå litt meir businessaktig ut, da blir ein som regel behandla litt bedre både på flyplassar og på flyet. Ikkje alle forretningsfolk reiser på buisnessklasse.
Når vi cruisar her oppe i over 10000m høgde leikar eg med tanken å gjere denne reisa på landjorda, har tenkt på det lenge. Da meiner eg ikkje med den Transsibirske jernbanen (har sjølvsagt vurdert det ogso) men kvifor ikkje landevegen med bil? Folk har jo sykla fra Oslo til Beijing så må det vel gå an å kjøre ogso. Veit at det er blitt gjort nokre ganger m.a til Paris og til og med med veteranbilar. Det finns to hovedruter; en meir sørlig som går gjjennom Iran, Irak, Tyrkia og opp gjennom Europa, men det mest nærliggande for destinasjon Oslo må jo være ei nordlegare rute gjennom Sibir, omtrent som den flyet følger. Det er også ein fordel reint praktisk fordi det omfattar færre land; berre Mongolia og Russland utenom norden. Det betyr mindre forberedelser mht visum etc.
Har ikkje undersøkt ka slikt vil koste, men kanskje det går an å få litt inntekter ogso med å lage reportsajer fra stader, sponsing etc. Er takknemlig for gode idear. Hadde i utgangspunktet tenkt å reise fra Beijing til Oslo av ulike grunnar som eg ikkje skal komme inn på her. Det beste hadde sjølvsagt vore å hatt to bilar ifølge, men foreløpig tenker eg berre på ein. Hadde tenkt å hatt med ein kinesar sidan turen går igjennom ein del av Kina og Mongolia og eg har ein bra kandidat. Det er vel nok med 3 stk i ein bil så da er det ein plass ledig til ein med ”særdeles gode kvalifikasjonar”. Søknad sendes underteikna.
Ein slik tur må jo gjøres i sommarhalvåret og det kreves en del forberedelser så det betyr at det blir vanskelig å få til noke før sommaren 2010.
Hurra, det er solskinn over Ural for en gangs skyld. I området her er det nesten ingen snø så vi ser dei snødekte fjellryggane som går på kryss og tvers og på langs bade seg i solskinnet, vakkert.

Vel, no er det ca 3 timar igjen av turen og flyet vender nasen ørlite mot sør i retning Moskva, må følge jordas krumming.
.

Ingen kommentarer: