fredag 25. januar 2008

Norge, mitt Norge...

Ja, er det virkelig det? Eller er eg berre født og oppvokst her. For morro skyld tok eg ein slik test på internet du veit...det er mange slike...om mitt tidligere liv (trur ikkje på det, men likevel er det i det minste en underholdningsverdi i det). Der sto det at eg i fordums tid hadde vore oppdagelsesreisande i Asia og visstnok ein av dei første som kom til Japan...hm, dette var jo litt interressant (korleis skriv ein egentlig det ordet forresten?). Har aldri vore i Japan, men mange ganger i Kina og andre stader i Asia og eg liker jo å oppdage ting og stader....so kem veit?

Til å begynne med var det rart å flytte tilbake, omtrent som det var å flytte til eit anna land første gangen. No har eg jo heller aldri budd i Oslo før. Etter eit halvt år her begynner eg å føle meg norsk igjen og ikkje lenger som ein innvandrar. Oslo er Norges største by og hovedstad, men etter å ha budd i m.a Dublin, London og Beijing er Oslo som ein liten landsby å rekne. Ein norsk kamerat av meg som fremdeles bur i utlandet meinte at Oslo var Europas største landsby. Han har nok eit poeng der.

For tida bur eg på Grønland i Oslo (merkelig navn forresten). Det er ein stad med eit svært internasjonalt miljø for å sei det forsiktig med ei litt stor slagside av muslimar og folk fra midtøsten/nord-øst Afrika. Eg bur da også omtrent vegg i vegg med ein ny moske som er under oppførelse. Merkeleg nok er eg ikkje så veldig begeistra for det internasjonale miljøet....når eg bur i utlandet likar eg helst å bu saman med innfødte, så også i Norge. Har aldri forstått folk som liker å rotte seg sammen på denne måten.
Rett skal være rett, nordmenn gjer vel omtrent det samme; dei som har flytta til Spania for eksempel. Dei liker å gå på restaurantar med norsk mat og må ha brunost og grovbrød kver dag for å overleve. Det einaste dei er interresserte i (det ordet igjen! Hjelp meg!) er sol og varme og billeg(are) drikke. Varmen likar eg og, men om ein ikkje klarer seg uten alt det norske kan dei like godt halde seg heime.
Folk flyttar til Norge og nordmenn flyttar til utlandet. Eg har inntrykk av at mesteparten av desse tviheld på sin eigen kultur; ikkje gidd dei å lære eit nytt språk, ikkje liker dei maten, ikkje tolerer dei andres religion, moral eller politikk. Hvis eg var så lite interressert (?) så hadde eg ikkje gidda å reist noken plass.
Bli heime og et det du alltid har ete til det tyt ut gjennom øyra på deg!! Eg veit at mange må flykte fra sitt eige land, men sjølv dei prøver å lage det samme landet ein gang til på den nye staden dei er komt til ser det ut til. Forstå det den som kan. Da skulle det vel være tid for å prøve noko nytt, ikkje sant?
Var eg litt stygg? Ok, det var meininga.
Stay tuned! Fortsettelse følger!

2 kommentarer:

admin sa...

Du er god til å skrive! Interessant! ;)

Regine sa...

Du burde ha ei spalte i ei avis pappa - der du tar oppe daglegdagse ting som opptar deg.det har forresten eg og lyst på.. ei fast spalte. Fks. 'Side 3-dama" ;O

du har absolutt et poeng, og du var ikke noke 'stygg'.