tirsdag 29. januar 2008

På Bussen 1

Eg reiser med buss fram og tilbake til jobben kver dag. Dei første månadane var det veldig interessant (har endelig funne ut korleis eg skal skrive det ordet!). Etter nærmare eit halvt år begynner det å bli rutine om ikkje direkte kjedelig. Det meste har skjedd untatt fødslar og drap.

Før har eg reist ein del med buss i spesielt England og Holland og det som skjer på bussen er ikkje nett heilt det samme. Holland var vel verstingen; folk satte seg nesten konsekvent på yttersetet nærast midtgangen og anstrenga seg ikkje det minste for å sleppe folk inn. Du kan vel tenke deg korleis det var....med dei lange beina dei har!!

England derimot må vel seiast å være en busspassasjers paradis (med unntak av London). Der er alle så høflige og vennlige at du nesten får sjokk. Du kan tenke deg når buss-sjåføren kallar deg "Darling" og liknande søte ting og når du som passasjer går av bussen er det obligatorisk at du seier "Thank You" til sjåføren.
Nordmenn er vel ikkje akuratt kjent for å vere særlig hverken det eine eller det andre, men eg vil vel sei at vi er klart bedre enn hollenderane. Vi er vel kanskje "litt" høflige, men ikkje så veldig vennlige.

Vi har ein del av dei som set seg på yttersetet her og. Det er i og for seg greitt så lenge det er god plass, men når midtgangen er full av folk som står og dei fremdeles har "nerve" å sitte slik begynner eg å lure. Det samme med dei som ikkje kan løfte veska opp fra nabosetet og plassere den på fanget. Mange nordmenn er også slik (meg inkludert) at hvis vi opplever ein slik situasjon skal det ein del til før vi trenger oss inn...vi står heller. Stolthet! Ikkje tru at eg bryr meg!
No har det seg slik at eg går på bussen på bussterminalen og da er eg alltid garantert sitteplass og for det meste kan eg velge og vrake. Hvis ikkje hadde det vel blitt mykje ståing på meg og er eg redd.

Det ser ut til at folk har favorittsete, meg også sjølvsagt. Halve bussen er på eit høgare plan enn resten og da liker alle å sette seg der unntatt gamle og skrøpelege som dett ned på det første og beste. Først set alle seg sjølvsagt så dei har eit dobbeltsete aleine. Det følest nesten uhørt og litt suspekt og sette seg sammen med nokre andre om det fremdeles er ledige dobbeltsete i bussen.
Når det begynner å bli fullt etter nokre stopp så setter alltid damer seg ved sida av andre damer og menn ved siden av menn....ingen blanding her takk! Det skjer berre dersom det ikkje er anna mulighet.
Det merkelegaste av alt er at spesielt menn eller kvinner/jenter som er spesielt pene eller tiltrekkande er dei som lengst må sitte aleine!! Ka i all verden vil noken tru om meg dersom eg satte meg ved sida av ei pen dame? Nei, vi kan ikkje ta slike sjansar i Norge..Gud bedre!
Neste busstur om mobiltelefonar, høretelefonar etc.
Ta plass!

1 kommentar:

Anonym sa...

hehe.. mange gode poeng her pappa =) INTERESSANT å høyre på dine refleksjoner.. hehe=)