mandag 28. april 2008

Sekkepiper

EU- kommisjonen har i sin store visdom komme med eit nytt forslag til menneskehetens beste:
Alle som spelar sekkepipe må etter 15 minuttars speling stoppe opp og sette inn øyreproppar. Det kan være skadeleg for høyrselen.
Jada, eg veit ikkje kor mange sekkepipeblåsarar det er i verda, men eg kan forestille meg at det ikkje nett er det største problemet vi står overfor. Det ville kanskje være meir effektivt å forby dei før mykje omtalte høyre/øyregreiene folk går med heile dagen.
Ein skotte som sikkert har greie på dette forklarte at det ikkje var nokon volumknapp på sekkepipa; enten var det lyd eller så var det ikkje.
Personleg har eg alltid likt sekkepipe, vel og merke i små doser av gangen. Det er noko heilt spesielt og suggererande over den lyden eller sounden som det heiter på musikkspråket.
Vi slår eit slag for sekkepipa og Scotland the Brave
http://www.youtube.com/watch?v=XZuq_mMDg20
Hvis EU-kommisjonen får viljen sin må vi kanskje gå over til denne metoden:
http://www.youtube.com/watch?v=qgZQ-ejanIA

2 kommentarer:

Regine sa...

Ein skulle tru dei hadde viktigere ting å ta for seg ja.. e kanskje bare for å utsette dei store sakene, så henger dei seg opp i sånne småting og bruker litt meir tid på det enn nødvendig..

Det e fint med sekkepipe, men i små doser av gangen som du sa :)

Lothiane sa...

Tror ikke det er noe stort problem, vi som spiller i sekkepipeband bruker stort sett alltid ørepropper. EU-kommisjonen burde ha bedre ting å ta seg av. :)