søndag 7. mars 2010

Godt Nyttår - litt forsinka

Eg har ikkje vore så veldig flink å blogge det siste året og eg skal ikkje prøve å unnskylde det med noko, det har vore meir enn nok å skrive om. Nei, det manglar ikkje på det, hverken på katastrofer eller idiotiske ting som skjer.

OL er nett over og eg er jo litt sportsinteressert så eg har no følgt litt med. Det begynte ikkje så bra, men tok seg opp etterkvart og vesle Norge blei nr.4 på medaljeoversikten.
Og da kjem vi til noko som aldri ser ut til å ta slutt; idrettsskandaler og norske idrettsleiarar som gjer dei merklegaste ting. Lurer på kva slags folk dette er som blir rekruttert til slike stillingar. Det er ikkje så lett å være toppidrettsutøvar i dag, store krav, stor oppmerksomhet fra media og stor innsats på alle plan...det positive for dei er vel at dei no får betalt for strevet, nokon av dei kanskje i overkant. Problemet er at dei må slite med uforutsigbare og stupide leiarar som skal være så høgverdig moralske at det blir latterleg.
Det begynte med at Bøkko sin trenar Peter Muller blei sparka rett før OL, veldig smart. Det var vel ikkje noko nytt at han var stor i kjeften, det visste alle og alle godtok det fordi han var den beste trenaren dei kunne ha. Det ser ut til at desse leiarane har eit svært stort behov for å markere seg sjølv godt hjelpt av media.

Det siste som skjedde denne veka var om mulig enda verre. Skihopparen Romøren som fekk startnekt i to verdenscuprenn fordi han hadde hoppa i den nye Holmenkollen før Anette Sagen som skulle være den første offisielle. Hovudpersonen sjølv såg dette som uproblematisk og meinte at sjølvsagt måtte jo noken prøve ut bakken før den offisielle åpninga. Det var visst eit kobbel på 10-12 hopparar og at ein av dei var kjent skulle bli eit stort problem, forstå det den som kan. Ingen skal fortelje meg at kven som helst kan gå opp i Holmenkollen og berre sette utfor utan vidare. Det er nokon som passar på og gjer klarsignal, nokon har godkjent at Romøren skulle sette utfor....og spelar det eigentleg noka rolle kva ein prøvehoppar heiter? Dette måtte straffast og offeret blei Romøren og dei skuldige går som vanleg fri.

Snart bør nokon idrettsutøvarar sette foten ned og protestere mot dette pampeveldet, men da er dei vel ferdigeProxy-Connection: keep-alive
Cache-Control: max-age=0

om norske toppidrettsutøvarar...vel, vel svenskane treng jo noken gode hopparar så det er alltid ei råd. Det er faktisk ein del toppidretssutøverar opp gjennom tidene som har skifta statsborgerskap pga slike konfliktar, men ingen norske enda trur eg. I Norge ville vel noko slikt blitt tatt særdeles ille opp; vintersport er religion i Norge og det ville vel blitt sidestilt med ein muslim som konverterer til kristendommen.

Og så var det litt politikk. Industriminister Giske har jobba med å sette ned eit utvalg som skulle sjå på framtida i norsk næringsliv. Han spurte Kronprins Håkon om han ville være med og det ville han, men det ville ikkje statsministeren og media ha noko av. På meg virkar kronpen som ein fornuftig fyr som kanskje hadde hatt noko å tilføre fra ein nøytral ståstad. Sjølvom kronpen og Giske visstnok ifølge media er omgangsvenner er vel ikkje det noko problem. Heile statsapparat og Arbeiderpartileiinga er jo i famile, nære venner eller barndomskamerater så dette er jo ikkje noko nytt. Nett som før. Kvifor henge seg opp i Håkon? Ja, det er vel tilbake til historia at kongefamilien ikkje skal ha noko politisk makt. Men, det er vel ikkje noko fare for at kongefamilien tar over leiinga i Norge idag, er det vel? Det må vel være bra å bruke dei til noko positivt, la dei bidra med so mykje som mulig til landets beste, istadenfor å berre motta pengar å halde kjeft og vinke på 17.mai.

Ingen kommentarer: