onsdag 22. september 2010

Rettsstaten Norge???

Fra den dagen Treholt blei arrestert i 1984 har eg aldri trudd på historia om at han var spion og har venta både vel og lenge på at noko skulle komme fram. Tidlegare iår da begjæringa om gjenopptakelse av saka blei avvist, trudde eg faktisk det var slutt likevel, men berre nokre få månader seinare så kjem avsløringa om at POT skal ha triksa med bevis.

Ikkje akkuratt overraskande spør du meg, og alle myndighetspersonar fra aktor til dommar til folk i regjeringa spelar uvitande og uskuldige og dei fleste vil ikkje uttale seg. Vel, vi får håpe dei må svare for seg ein dag dei og.

Treholt har sjølvsagt vore litt uforsiktig og gjort ting han ikkje skulle, men eg trur at han gjorde det han gjorde i gode hensikter og ungdommelig overmot. Han brukte litt utradisjonelle vegar for diplomatiet sitt. Men at han var aktiv spion for ei framand makt er å skyte langt over mål.

Å sjå dommar Tor Axel Busch og aktor Lasse Quigstad idag toe sine hender og spele uskuldige og uvitande er patetisk. For nokre få månader sidan avviste dei gjenopptaking av saka så selvfølgelig må dei vere inhabile idag. Håper verkeleg at Justisministeren har mot til å sette dei ut av denne saka. Selvfølgelig går det prestisje i ei slik sak, ikkje kom å sei noko anna.

Så endeleg har Norge mista uskulda si. Noko mange av oss har visst lenge. Det hadde vore artig å visst kor mange som egentlig trudde på at han var spion.
Kva med alle partikollegaene hans og "friends in high places"? Ingen løfta ein finger for å hjelpe han. Dei fleste mol vel si eiga kake og tok ikkje sjansen på å bli tilskitna av kontakt med Treholt. For mange av dei er eg redd for at det kanskje var bra å bli kvitt han. Kven veit, idag hadde han kanskje vore Statsminister istaden for Jagland og Stoltenberg.

Vi er altså ikkej så mykje betre her på berget enn i mange andre land når det gjeld retssikkerhet bortsett da ifra tortur etc. Vi har hatt altfor mange saker dei siste åra med uskuldig dømte som etter mange år er blitt endeleg frikjent, nokre av dei etter sin død til og med.

Eg trur nokon må ta opp til vurdering reglane og prosedyrene for gjenopptaking av rettssaker i Norge. Dei er ikkje ein såkalt rettsstat verdig. Det er meir som bukken og havresekken; at dei samme folka som dømte deg også skal vurdere om det er grunnlag for gjenopptaking eller ikkje.

Uansett utfall er det umogeleg å rette opp at den uretten som er begåt mot Treholt og andre. Eit øydelagt liv for deg sjølv og heile familien er umulig å rette opp att. Ein får berre håpe at alle som har vore involvert i uretten fra topp til botn får si straff også, men det er vel lite truleg. "Rydd opp i rottereiret" som Treholt sjølv seier.

Ingen kommentarer: