onsdag 13. august 2008

Flyvertinner

Sitter på flyet og funderer over forskjeller i kultur idet eg blir servert av flyvertinner og flyverter som ingen ser ut til å være en dag under femti. Eg reiser for en gangs skyld med SAS fra Beijing-Stockholm-Oslo.
Har reist med veldig mange selskap, men SAS tar kaka i så måte. Det er ikkje så tydelig på reiser i Norge eller i Europa ellers, men det ser ut til at SAS sender sitt eldste mannskap på dei lengste turane.

Grunnen til at eg reflekterte over dette er at eg har reist ganske mykje innenriks i Kina og der eksisterer det ikkje flyvertinner over 30. Ein kan mislike eller like det, men slik er det. Veit ikkje ka som skjer med dei når dei blir for «gamle» om dei får sparken eller blir omplassert. Det er vel kanskje eit resultat av at den enkelte arbeidstakers rettigheter er minimale her. Har snakka med nokre kineserar om dette; både kvinnelige og mannlige og alle meiner at det er ok. Kven i alle dagar vil like å bli oppvarta av gamlingar? Når ein er ute og reiser skal ein ha det behagelig og bli oppvarta av unge vakre flyvertinner. Det er ikkje mykje å diskutere, slik er det og slik skal det være.
Med fare for å få på pukkelen må eg sei at når eg ser dei som er ombord her, er eg tilbøyeleg til å være enig
Servicen er imidlertid upåklagelig. Det selskapet som utmerkar seg negativt i så måte må være Aeroflot som sjølv om dei er relativt unge oser av kulde og likegyldighet.

Ingen kommentarer: