torsdag 7. august 2008

Nesten Fullklaff

Igår såg vi på TV at fakkelstafetten var i Beijing først på den Himmelske Fredsplass med Yao Ming i hovudrolla. Under sendinga fekk vi nyss om at den skulle fortsette gjennom parken rundt Himmelens Tempel. Det er berre få minuttars kjøring fra oss og sidan vi hadde nummerskilt med partall som sistesiffer passa det med datoen, så det var berre å kaste seg i bilen. Da vi kom fram var det allerede stint med folk.

Vi kjempa oss fram til ein plass fremst i rekka med fri utsikt mot porten der løperane angivelig skulle komme ut. Vi venta ei stund uten at noko hende og eg fekk følesen av at dette var nok for godt til å være sant. Rett nok, etter at ein del folk omkring hadde teke nokre mobiltelefonsamtalar blei det klart for folkemengda at fakkelstafetten var over for idag og hadde allerede passert ut ein annan port.

Mange folk hadde stilt opp med kinesiske og olympiske flagg, hodepynt og stickers i ansiktet til ingen nytte. Vel, det var vel egentlig ikkje overraskande for nokon. Ikkje klar informasjon om kor eller når...det er vel mange nok som snokar det opp likevel og dei vil helst ikkje ha andre tilskuarar enn inviterte skuleklassar o.l.

Om noken visste kor den skulle gå dagen etter? Nei, ingen peiling.
Idag tidleg såg vi på TV at det heile foregikk på Den Kinesiske Mur eit stykke nord for Beijing, men imorra er den nok tilbake i byen for da begynner galskapen.

Ellers igår da eg var ute ein tur møtte eg tre soldatar på gata med maskinpistolar på ryggen. På nokre større veier hadde politiet stengt av nokre køyrebaner på spesielle punkt slik at all trafikken passerte i ei fil der dei hadde full kontroll på alle kjøretøy som passerte.
Ellers løftar ikkje den vanlege kinesar på augelokket eingong uansett kor mykje politi som svermar rundt.

3 kommentarer:

Anonym sa...

heheh, frustrerende.. :P

Anonym sa...

"Ellers løftar ikkje den vanlege kinesar på augelokket eingong"

Kan kinesarar løfte på augelokket i det hele tatt?

Anonym sa...

Ja, dei kan faktisk det...både åpne og lukke. Dei kan til og med sjå sjølvom opninga er liten!!