tirsdag 10. juni 2008

Vestland, Vestland

Vestland, Vestland(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.

Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.

Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.

Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval.

Ja, eg var ein tur på vestlandet i helga og det er jammen ei stund sidan sist. Eg var til Bergen først, det gjorde egentlig ikkje noko inntrykk på meg, men eg køyrde over Vikafjellet til Sogn;
til Vik, Vangsnes og Balestrand og seinare vidare innover fjorden til Lærdal.
Da slo det til at eg verkeleg hadde sakna dette og spesielt Balestrand regionen må vel seiast å vere ein av dei finaste stadene på jord.
Veret var også fantastisk, det var sol, varmt og vindstille. Det er noko avdet som irriterer meg mest med å bu i Oslo; at det aldri er vindstille uansett kor fint ver det er.
Kanskje det på mange måtar er best slik; å bu på avstand slik at ein kan bevare glansbildet av vestlandet uten å måtte vere der i alt drittveret!
Ved midnatt sat eg ved Manheller ferjekai og skua innover fjorden mot Årdal og mot Lærdal,
dette området er praktisk talt ubebodd og eg såg berre eit par lys på sørsida av fjorden...det var
varmt og heilt stille...eg tenkte; hvis eg hadde vore på same staden for tusen eller totusen år sidan,ville eg ha sett nett det samme, den stille fjorden, lydane og fjella som reiser seg rett opp fra fjorden.
Vel, fårhåpentligvis ville det ha vore eit vikingskip istadenfor ferja som låg på andre sida ved Fodnes og ventetida ville ikkje ha vore lenger, snarare tvert imot.

torsdag 15. mai 2008

Grrr...Grilling!!

I det fine veret som har vore dei siste vekene er eg blitt smertelig klar over at dette er tida for den norske folkesporten GRILLING.
Eg må først innrømme at eg aldri har vore særlig grillinteressert. Likar helst mat uten røyksmak og som ikkje er brent, svidd eller forkulla.
Eg har ingenting imot grilling eller det å lage mat ute i det fri om det er nødvendig, men ka so er så bra med å lage mat rett utanfor stoveveggen når den attpåtil som regel blir dårlegare har eg igrunnen aldri forstått.

Ein ting er iallefall sikkert. Det skulle ha vore forbudt på balkonger i boligblokker! Skjønner igrunnen ikkje kvifor det ikkje er blitt gjort så glad som nordmenn er i å forby ting...i tillegg hadde det vært miljøvennlig.
Igårkveld var det naboen min på høgre sida som grilla og ein fin liten bris røykla heile balkongen min slik at eg ikkje ein gang kunne ha døra åpen. I tillegg hadde han sjølvsagt plassert grillen fint ut av veien for seg sjølv berre 10 cm fra min balkong.
Andre kveldar har det vært naboar på den andre sida og også over oss som har forsura eller "forstinka" miljøet. Tenker med gru på om alle skal gjere dette samtidig...imorra er det 16.mai...lurer på om det kanskje blir ein grilldag.
Forby Grilling!
Fram for ett grillfritt miljø!

mandag 28. april 2008

Sekkepiper

EU- kommisjonen har i sin store visdom komme med eit nytt forslag til menneskehetens beste:
Alle som spelar sekkepipe må etter 15 minuttars speling stoppe opp og sette inn øyreproppar. Det kan være skadeleg for høyrselen.
Jada, eg veit ikkje kor mange sekkepipeblåsarar det er i verda, men eg kan forestille meg at det ikkje nett er det største problemet vi står overfor. Det ville kanskje være meir effektivt å forby dei før mykje omtalte høyre/øyregreiene folk går med heile dagen.
Ein skotte som sikkert har greie på dette forklarte at det ikkje var nokon volumknapp på sekkepipa; enten var det lyd eller så var det ikkje.
Personleg har eg alltid likt sekkepipe, vel og merke i små doser av gangen. Det er noko heilt spesielt og suggererande over den lyden eller sounden som det heiter på musikkspråket.
Vi slår eit slag for sekkepipa og Scotland the Brave
http://www.youtube.com/watch?v=XZuq_mMDg20
Hvis EU-kommisjonen får viljen sin må vi kanskje gå over til denne metoden:
http://www.youtube.com/watch?v=qgZQ-ejanIA

tirsdag 22. april 2008

VÅR!!

Endelig er det blitt litt varme i lufta. Det har vore nokre strålande dager her og det skal visst bli fleire.
Det er tydelig at Ola Nordmann set pris på det. Det har vore utruleg mange folk ute om dagane. Uterestaurantane fylles opp med vanlige folk, ikkje berre røykarar med teppe rundt seg som har rådd grunnen aleine gjennom heile vinteren.
Ein utlending påsto at Oslo måtte være den byen i verden med mest prostituerte fordi det sto lettkledde damer rundt om på alle gatehjørner og røykte. Det viste seg ikkje å være tilfelle, men berre eit utslag av røykelova. No når andre ogso har trekt ut på gater og streder treng ikkje dei kvinnelege røykarane føle seg stigmatiserte lenger.
Den nye operaen i Oslo har opna sine dører. Den har kosta flesk, men det er jammen litt av eit bygg. Ganske sikkert ein ny turistattraksjon i Oslo. Det spesielle er at ein kan bruke bygget ogso utvendig omtrent som eit turområde og utsiktspunkt. I helga sverma det folk over heile bygningen omtrent som ei gigantisk kvit maurtue.
Ja, den er fremdeles kvit. Såg ikkje noko teikn til gulning som det var so mykje snakk om ei stund. Det er omtrent som å gå på ein isbre, så ta med solbriller og solkrem i godt ver.

Litt fengande køntri er ikkje av vegen ein fin vårdag; Dwight Yoakam - Streets of Bakersfield
http://www.youtube.com/watch?v=RVSeKnTzg6U

søndag 6. april 2008

Meir om OL i Beijing og Tibet

Idag er den olympiske ild på vei gjennom London og ikkje heilt utan komplikasjonar. Etniske kinesarar som bor i London og alle studentar fra Kina som studerer der har teke til motmæle og det er bra. På TV 2 nyhetene sa dei at den kinesiske ambassaden i London hadde mobilisert eksilkineserar til motdemonstrasjonar. Vel, det er nok totalt unødvendig. Alle som kjenner litt til det kinesiske miljøet og Kina og det Kinesiske folket veit at kineserane i saka om Tibet stiller seg 100% bak si eiga regjering.

Derfor er desse protestane fra vestlige land og eksiltibetanarar totalt idiotisk og regelrett øydeleggande for kampen for meir ytringsfridom og menneskerettar i Kina. Fordi denne kampen for Tibet's sjølvstende har ingen støtte innad i Kina whatsoever og den vanlige mann støttar meir opp om regjeringa enn dei nokon gang har gjort. Dette tek fokuset vekk fra det som det verkeleg skulle ha handla om; for eksempel kjempe for den kinesiske advokaten Hu Jia som blei fengsla for kort tid sidan og andre dissidentar og kritikerar. Slike protestar hadde hatt større verknad innad i Kina fordi det er ting som folk forstår og føler på kroppen, men Tibetsaka har øydelagd denne sjansen.

Tibetaktivistane og Dalai Lama har kuppa det blikket som retteleg skulle rettast pa Kina til sin eigen snevre fordel.

Det blir heilt håplaust å blande idrett og politikk; det vil få store konsekvensar. USA og England og mange fleire har vore aktive i krigføringa i Irak...er dei meir kvalifiserte til å delta i OL enn Kina? Neste gang er det England sin tur til å arrangere sommar OL; eg tenkjer det er ganske mange som vil vurdere boikott der ogso. Det er ogso mange andre land som har svin på skogen så ei slik linje vil bli totalt øydeleggande for OL og det vil bli få igjen som er so reine og uskyldige at dei kan få delta eller arrangere eit OL.

Sannheten er at brorparten av tibetanarane er lykkelige for at Kina fjerna det Buddistiske diktaturet der meir enn 40% av befolkninga var munkar som snylta på resten av samfunnet. I Tibet var det omlag 5% av befolkningen som eigde alt, resten var ingenting. No får alle utdanning, før var det kun Buddistiske skolar. Levestandarden har auka dramatisk og landet er åpent for alle, før var det hermetisk lukka for ikkje-tibetanarar.

Dalai Lama opptrer som ein fredselskande far, men han er langt fra det. Han var med på detaljplanlegginga av oppstanden i Tibet som blei utført av bemerkelsesverdig få personar. Dalai Lama prøver å få makta si tilbake i Tibet koste kva det koste vil. Vestlige styresmakter og media er verkeleg dumme som går på denne bløffen.

Kineserar flest har sett fram til OL med store glede, stolthet og forventning. No føler dei at vesten er ute etter å øydelegge for Kina, fordi Kina er blitt for stort og mektig. Folk er veldig såra og sinte. Noko som kunne ha blitt veldig positivt for utviklinga i Kina og samarbeid med andre land har blitt satt dramatisk tilbake og øydelagt av den gamle nissen Dalai Lama som gøymer seg vekk ein stad i India.


Etter dette passar det vel bra med "I don't know much" med Aaron Neville og Linda Ronstadt
http://www.youtube.com/watch?v=DQwV3_r96BM

søndag 30. mars 2008

Sommartid

Mesteparten av snøen forsvann i går, iallefall her nede i sentrum, so det passar ganske bra.
Baksida er berre at det var tilfeldigheter som gjorde meg oppmerksom på at det var denne
helga vi skulle stille klokka tilbake.
Det er vel på sin plass med ein hyllest til den lenge etterlengta sommaren som no er i kjømda
Dolores Keane med Summer of My Dreams:
http://www.youtube.com/watch?v=Nehto0M3Lvs

PS. Ellers synes eg at det er eit kjempegodt forslag at alle som vil protestere mot og boikotte sommar OL i Beijing kan starte protesten med å ta av seg alle kleda som er produserte i Kina, så får vi sjå ka som skjer!

søndag 23. mars 2008

TIbet, litt historie

Litt historie.
Eg har lest i media i vesten at Tibet aldri har tilhørt Kina for Mao sine styrkar invaderte Tibet i 1951. Det er dessverre ikkje sant. Det har vore kontakt i tusener av år. Ikkje berre har Kineserane vore tilstades som styrande eller medstyrande i Tibet, men tibetanarane har også erobra deler av Kina og i en del år hadde dei kontrollen til og med til den gamle kinesiske hovedstaden Xi'an (755-841).
Det har ogso vore tider med fredeleg sameksistens mellom Kina og Tibet. Ei kinesisk prinsesse; Wen Cheng fra Tang Dynastiet gifta seg med den tibetanske kongen, dette skjedde ca 641.
mykje av konflikten mellom Kina og Tibet har dreia seg om kontroll av handelen pa Silkevegen.
Seinare var det også eit viktig giftarmal mellom ei Tang prinsesse Jin Cheng og ein tibetansk konge ca 704.
Etter ein periode med stor tibetansk inflytelse og makt gikk det tilbake til eit føydalt system og dei mista kontrollen over sine eigne og okkuperte områder. Det er for ein lang periode lite opplysningar om Tibet.
Tibetanarane var eit nomadefolk og dyrka ikkje jorda. Det kinesiske Tang dynastiet sendte ekspertar pa mange område og lærte tibetanarane jordbruk, vinlaging, lage papir, vannmøller etc.
Etter dette fekk Buddhismen fotfeste i Tibet og over tid utvikla dei sin eigen retning av Buddismen. Allerede på den tida vart det ein religiøs konflikt mellom kineserane sin Taoisme og tibetanarane sin Buddisme.
Det kinesiske Song dynastiet fra omkring 900 hadde så ein fredelig sameksistens med Tibet heilt til Monglarane ved Djengis Khan (Yuan dynastiet) erobra området tidleg på 1200-tallet. Djengis Khan var smart, alle område han erobra satte han inn lokale folk som leiarar og han brydde seg lite om religionar og la seg ikkje opp i slike saker.
Qing og Ming dynastiet vidareførte langt på veg denne tradisjonen og tibetanarane fekk også utøve sin buddistiske religion.
Under Qing dynastiet 1700-1911 var det ei god tid for Tibet, mange buddistiske skrifter blei printa og tempel bygd og gjennoppbygd.
Fra 1840 kom så dei europeiske maktene på banen med opiumskrigen og handelskrigen. Etter at britane hadde erobra India prøvde dei seg på Tibet og ved eit tilfelle i 1904 massakrerte dei 1000 forsvarslause tibetanske soldatar og nådde Lhasa. Den 13de Dalai Lama måtte flykte til Mongolia. Kinesarane forhandla fram en løsning med engelskmennene og sendte inn en hær med 1000 soldatar.
I 1911 gav det Qing dynastiet opp makta og systemet som hadde styrt denne regionen i tusener av år og for ei stund var det mange stader kaos. Kuomintang oppretta republikken Kina i 1911.
Tradisjonelt var ikkje tibetanarane så interessert i sjølvstyre; bare en stad dei kunne utøve religionen sin fritt. Den nye kinesiske republikken hadde ikkje soldatar i Tibet, men likevel sendte den 13de Dalai Lama representantar til den sentrale regjeringa i Kina.
Mao danna Folkerepublikken Kina i 1949 og i 1951 overtok dei Tibet sjølvom det var sterk motstand fra den lokale regjeringa i Lhasa. Etter kvart blei spenninga stor mellom Dalai Lama og kineserane og han flykta så til India i 1959. Kineserane for hardt fram og mange religiøse tempel blei øydelagt og mange sivile drepne.
Det er vel ein kjensgjerning at amerikanarane og CIA var innblanda også her, spesielt med å få Dalai Lama (som framtidig opposisjonsfigur) ut av landet. Heldigvis eller uheldigvis alt etter som hadde amerikanarane viktigare ting og ta seg av på den tida; Koreakrigen.