fredag 27. februar 2009

Hijab og Nynorsk

Deke lurer vel på overskrifta. Det er ikkje noken direkte sammenheng, men berre at det er to tema som har vore oppe i media i det siste. Hijab debatten og påstander om snikislamisering fra Siv Jensen er saker som har pågått ei stund. Dei siste dagane har også den norske språkdebatten blussa opp igjen etter å ha lagt stille altfor lenge.

La oss ta det første først. Av mine 8 beste venner (utenom familie) er 2 muslimar, 2 hinduar, 1 buddist, 2 katolikkar og 1 maoist/erkekommunist. Altså ingen etniske nordmenn fekk faktisk plass på lista. Kanskje ikkje så rart. Eg har nett vore ei veke i Kina og var bedt ut og møtte fleire kjente enn eg har gjort på det siste halve året i Norge. 
Grunnen til at eg seier dette er å for å prøve å overbevise deg om at eg ikkje er rasist. Eg er nemlig enig med Siv Jensen. Dette er Norge og vi har vår egen kultur som vi må passe på. Visst skal vi respektere og akseptere andre kulturar og religionar, men vi må ikkje være dumsnille. Vi må ikkje bli meir muslimske enn sjølv muslimske land slik ein norsk pakistanar så treffande sa det. Når hijab ikkje eingang er tillatt hos Politiet i sjølv mange muslimske land så er det vel ikkje naturlig her heller. Kor dumme kan vi egentlig bli her på berget. Vi kan jo berre prøve å få bygt et kristent forsamlingshus i Iran eller Pakistan. Det hadde nok aldri gått. I Oslo har dei flust opp av moskear allerede, eg har sjølv budd rett ved sida av den nyaste av dei.Når du flyttar til eit anna land må du nesten finne deg i korleis det er der og innrette deg etter systemet. Ein annan ting er at dersom du blir tvungen til å forlate landet ditt av ein eller annan grunn så er det vel litt dumt å prøve å gjenoppprette det samme du flykta fra på den nye staden.
Idag såg eg at Frp hadde hoppa fram 6 % på meiningsmålingane. Ikkje så rart etter det som har skjedd. Det er vel et utslag av sunt norsk folkevett. Eg trur faktisk ikkje dette har noke med rasisme å gjere i det heile tatt, men et forsøk på verne om verdiar og norsk kultur.

Da har vi en naturlig overgang til Nynorsk. Språkrådet har i sin store visdom satt fingeren på at journalistar ikkje får lov til å skrive på det målføret dei vil. Det gjeld i første rekke dei store hovedstadsavisene som er kjemisk reine for nynorsk. Tabben språkrådet har gjort er å foreslå at avisene skal straffast økonomisk for dette ved redusert pressestøtte. Dette førte jo til at nynorskmotstandarane gjekk heilt i vranglås. Ikkje så lurt, men på ein måte var det kanskje smart; ein fekk iallefall liv i språkdebatten igjen. Der har det vore stille lenge. Dialektane er på frammarsj og ein trudde vel at motstanden mot nynorsk var på retur. Blandt folket trur eg det er slik, men å høyre redaktørane i Aftenposten og VG på fjernsyn her om kvelden var som eit gufs fra middelalderen. Norsk er eit lite språk så ein skulle tru det var viktigare å samarbeide å styrke norsken mot større truslar utanfra som engelsk. At folk i eit fritt land ikkje får skrive på det "norske språket" ein vil er jo ganske utrulig. Eg blei så provosert at eg bestemte meg for at eg aldri skal kjøpe VG meir så lenge dei forfektar dette standpunktet. Egentlig en tom trussel sidan eg aldri kjøper VG....men, men. Da er vel den neste avgjerda mi meir virkningsfull; at eg i jobbsammenheng sluttar å knoteskrive bokmål. Heretter blir alle publikasjonar på nynorsk. Når eg tenkjer på korleis bestefar min kjempa for nynorsken så følest det rett å fortsette den linja.

mandag 9. februar 2009

Hei igjen!

Beklager den lange bloggepausen. Det var ikkje meininga og eg er ganske skuffa over meg sjølv.
Det har vore eit travelt halvår med svært mykje skrivearbeid både privat og jobbmessig så det har vore så som så med inspirasjonen.
Det har jo vore meir enn nok som har hendt som kunne vere verdt å kommentere; Presidentvalget i USA, Gaza krigen, Økonomikrisa, Vinter i Norge og meir til, men hendt er hendt og spist er spist. Eg bekymrar meg ikkje, det kjem nok til å hende meir som er verdt å skrive om tenkjer eg.
På snarlig gjensyn!

onsdag 13. august 2008

Flyvertinner

Sitter på flyet og funderer over forskjeller i kultur idet eg blir servert av flyvertinner og flyverter som ingen ser ut til å være en dag under femti. Eg reiser for en gangs skyld med SAS fra Beijing-Stockholm-Oslo.
Har reist med veldig mange selskap, men SAS tar kaka i så måte. Det er ikkje så tydelig på reiser i Norge eller i Europa ellers, men det ser ut til at SAS sender sitt eldste mannskap på dei lengste turane.

Grunnen til at eg reflekterte over dette er at eg har reist ganske mykje innenriks i Kina og der eksisterer det ikkje flyvertinner over 30. Ein kan mislike eller like det, men slik er det. Veit ikkje ka som skjer med dei når dei blir for «gamle» om dei får sparken eller blir omplassert. Det er vel kanskje eit resultat av at den enkelte arbeidstakers rettigheter er minimale her. Har snakka med nokre kineserar om dette; både kvinnelige og mannlige og alle meiner at det er ok. Kven i alle dagar vil like å bli oppvarta av gamlingar? Når ein er ute og reiser skal ein ha det behagelig og bli oppvarta av unge vakre flyvertinner. Det er ikkje mykje å diskutere, slik er det og slik skal det være.
Med fare for å få på pukkelen må eg sei at når eg ser dei som er ombord her, er eg tilbøyeleg til å være enig
Servicen er imidlertid upåklagelig. Det selskapet som utmerkar seg negativt i så måte må være Aeroflot som sjølv om dei er relativt unge oser av kulde og likegyldighet.

torsdag 7. august 2008

Nesten Fullklaff

Igår såg vi på TV at fakkelstafetten var i Beijing først på den Himmelske Fredsplass med Yao Ming i hovudrolla. Under sendinga fekk vi nyss om at den skulle fortsette gjennom parken rundt Himmelens Tempel. Det er berre få minuttars kjøring fra oss og sidan vi hadde nummerskilt med partall som sistesiffer passa det med datoen, så det var berre å kaste seg i bilen. Da vi kom fram var det allerede stint med folk.

Vi kjempa oss fram til ein plass fremst i rekka med fri utsikt mot porten der løperane angivelig skulle komme ut. Vi venta ei stund uten at noko hende og eg fekk følesen av at dette var nok for godt til å være sant. Rett nok, etter at ein del folk omkring hadde teke nokre mobiltelefonsamtalar blei det klart for folkemengda at fakkelstafetten var over for idag og hadde allerede passert ut ein annan port.

Mange folk hadde stilt opp med kinesiske og olympiske flagg, hodepynt og stickers i ansiktet til ingen nytte. Vel, det var vel egentlig ikkje overraskande for nokon. Ikkje klar informasjon om kor eller når...det er vel mange nok som snokar det opp likevel og dei vil helst ikkje ha andre tilskuarar enn inviterte skuleklassar o.l.

Om noken visste kor den skulle gå dagen etter? Nei, ingen peiling.
Idag tidleg såg vi på TV at det heile foregikk på Den Kinesiske Mur eit stykke nord for Beijing, men imorra er den nok tilbake i byen for da begynner galskapen.

Ellers igår da eg var ute ein tur møtte eg tre soldatar på gata med maskinpistolar på ryggen. På nokre større veier hadde politiet stengt av nokre køyrebaner på spesielle punkt slik at all trafikken passerte i ei fil der dei hadde full kontroll på alle kjøretøy som passerte.
Ellers løftar ikkje den vanlege kinesar på augelokket eingong uansett kor mykje politi som svermar rundt.

tirsdag 5. august 2008

Medaljens Bakside (Fortress Beijing)

I Kina råder det ei bølge av nasjonalisme som til tider kan virke litt utidig for ei enkel sjel (?) fra eit lite land i nordeuropa. Mykje av grunnen er nok alle dei alvorlege krisene som Kina har vore igjennom dette året som f.eks uroa i Tibet, jordskjelvkatastrofen i Szichuan, orkanar, flom og hodelaus kritikk ifra vesten. Alt dette gjer at dei står meir samla enn kanskje nokongong.

Likevel er ikkje alt så rosenraudt som ein kan få inntrykk av og hallelujastemninga så stor som det blir gitt uttrykk for på kinesisk TV. Der det er ustanselig program om OL og overføringar fra fakkelstafetten som fortsatt er på veg gjennom Kina. Der ser det ut som om folk er i ekstase for å få lov til å springe/gå etc. 100 m med fakkelen. Etter sigende skal den gå igjennom vårt område om nokre dagar, men ingen veit eksakt når eller kor hen. Det som ser ut som en folkefest på Tv er nøye arrangert og berre utplukka eller inviterte folk får komme i nærleiken. Ikkje det at ikkje dei som er der viser ekte glede, men alle som vil får ikkje lov å delta pga sikkerhetrisiko.

Mange fabrikkar og bedrifter har allerede vore stengt i lenger tid...om alle får fullgod kompensasjon for det er vel tvilsomt. Folk som bor i områda der ol-anlegga er har hatt, har og vil fortsatt ha ei vanskeleg tid. Mange mista hus og eiendom og fekk lite eller ingen kompensasjon. No under Ol kan dei ikkje bevege seg fritt i sitt eige nærområde.

Beijing ser ut som eit fort for tida med politi og vaktpostar over alt. Den siste veka har antallet auka betraktelig. Ein får nesten følelsen av at det er ein krig i emning eller noko liknande. Rett nok har det vore sett fram terrortruslar fra muslimske separatistar frå vestkina og igår blei 16 politifolk drept i ein aksjon i Kashgard og for ikkje mange vekene sidan smalt det nokre bomber i Kunming og det er langt ifra Beijing. At nokon skulle kunne få til noko liknande her i hovudstaden er lite truleg.

Kvar bru og gangbru i heile Beijing har døgnvakt, det er mobilisert tusenvis av eldre og husmødre som ser etter i si boligblokk at alt går normalt for seg. Dei har fått utdelt nokre fargerike ol skjorter og røde armbind og rapporterer om alt mistenkeleg. Dei sit utanfor kvar boligblokk og også på gatene utanfor. Dette minner om ting som foregikk for over 30 år sidan i Kina. Vi bur i ei blokk der vi har sikkerhetsvakter til vanleg, i det siste har det vore fleire av dei og idag tidleg da eg var ute ein tur hadde det jammen dukka opp folk med dei omtalte t-skjortene og armbinda her ogso. Ein venn av oss var i helga på ein annan kant av byen og skulle besøke tanta si. Da ho kom inn i inngangen på boligblokka satt det nokre av desse før omtalte damene der. I det ho gikk forbi kunne ho tydelig høyre at dei diskuterte om ho høyrde til der eller hadde slektningar der og heldigvis var det visst ei av dei som gjenkjente ho.

Folk snakker og vi blir advart mot å gå ut på stader med mykje folk etc. Det er skapt eit hysteri nærmast. Som utlending her er eg lite interesant i dette biletet og utgjer ingen trussel. Så har eg jo også oppholdt meg her ganske mykje dei siste åra så eg er nok både kontrollert og godkjent for lenge sida. Nei, denne gangen er det trusselen innanfrå som skremmer kineserane.

Med berre nokre få dagar igjen no får vi håpe at alt går bra og fredeleg for seg på alle måtar.
Ein ting er iallefall sikkert. På den sportslege sida vil kineserane forsyne seg grådig av medaljefata og sannsynlegvis bli beste nasjon.

tirsdag 22. juli 2008

Eit stykke Norge i Beijing

Igår var vi på Peppes Pizza i Beijing. dei har allerede opna 2 restaurantar her og er i ferd med å opne den tredje. I Shanghai har dei også etablert seg.
Det var artig å komme dit med to store troll utanfor døra og med kjempegod pizza. Norsk pizza er faktisk i verdensklasse og mykje betre enn dei lokale kjedene. Dei klarer ikkje å lage hard, sprø kant rundt pizzaen.
Artig var det ogso å høyre ein gjeng med trønderar som koste seg på eit nabobord.
Trur nok dei vil få bra innrykk under ol.
Ellers var restauranten fint innreda og pynta med ein del typisk norske gjenstandar som f.eks eit par gamle ski på veggen.

mandag 21. juli 2008

Sommerrapport fra Beijing

Norge er eit lite land og Beijing er ein stor by.
Qingdao, byen ute ved kysten som skal arrangere seglekonkurransane under ol er ein middels stor kinesisk by på ca 5 millionar menneske, altså større enn Norges befolkning.
Det var godt å komme vekk ei stund fra det trangsynte Norge der ikkje ein gong er naturleg at hovudstaden har nokre høghus av betydning bortsett fra SAS hotellet. At det var bygt er vel nærast eit under. Personleg synest eg at i det minste Oslo bør ha ein del skikkelege høghus. Her i Beijing er det massevis og eg synes mange av dei er skikkelig vakre med flott og spennande design.

Eg såg i ei norsk avis her for ei vekes tid sidan at det var ein norsk arkitekt som vil bygge eit høghus av glass ute i sjøen på Oslo havn. Det ville blitt litt av ein sensasjon og satt Oslo på verdenskartet. Desverre har eg mine tvil om planane vil bli godtatt. Demokrati og medbestemmelsesrett er nokre ganger ei svøpe. Det er så mange som skal uttale seg om alt mulig og ting tek all verdens tid og til slutt skjer ingenting...iallefall ikkje noko som er nytt spennande og spenstig.

Kina og spesielt Beijing står meir eller mindre på hovudet før ol; alt dreier seg om ol. Heile nyhetssendingane på TV er om forberedelsane før ol og nesten alle andre program også. Det blir sendt TV snuttar om korleis folk bør oppføre seg og ta vel imot utlendingar.

Det har vore mykje snakk om forurensninsnivået i Beijing som er for høgt og kan være til fare for spesielt ol øvelsar som maratonløp o.l. For eit par veker sidan blei nesten 200 hundre fabrikkar utanfor Beijing stengt og fra idag 20 juli er biltrafikken praktisk talt redusert til det halve i og med at du kan berre køyre annankvar dag avhengig av siste sifferet ditt på bilskiltet er partall eller oddetall. Det er tydeleg at trafikken er redusert; det testa vi ut idag da vi var ute på ein køyretur. Det var ikkje køar i det heile tatt på stader der det vanlegvis er full stopp.

Om forurensinga er mindre får vi håpe, det er ikkje så godt å merke. Sant og sei så har eg ikkje lagt så mykje merke til den så mykje omtala forferdelege forurensinga i Beijing. Rett nok er det ofte disig eller overskya her, men om det er forurensing eller ikkje er ikkje så lett å fastslå da den iallefall er luktfri.
All byggeaktivitet innanfor tredje ringvei er også stoppa opp så dei før så mange og stadig aktive byggekranene er no stoppa.

Det er 6 ringveiar i Beijing med 3-5 køyrefelt i kvar retning. Under ol er den innerste fila på dei 3 innerste ringveiane forbeholdt ol-kjøretøy slik at alle skal komme fram i tide.

Det er ikkje noka røykelov i Kina og du kan stort sett røyke overalt og det gjer dei. På ein del «finare» og sentrale restaurantar der det kan komme ol-turistar er det no innført røykeforbud. Det er i det heile sett i verk så mange ekstra tiltak over det heile at det nesten er å betrakte som ei krigssone. Trafikken inn til Beijing blir nøye kontrollert og bilar blir gjennomsøkt omtrent som mellom det gamle Øst-Tyskland og Vest-Tyskland. Sikkerhetsoppbudet alle stader er massivt uten at ein egentlig merkar so mykje til det. Det er sagt at ca 200 tusen politifolk er i aksjon for å sikre eit ol uten «episodar» av noko slag.

Byen er pynta med vimplar langs gatene og dei mange trafikkbruene er også dekorert med banner om ol. Det har alltid vore mange fine beplantingar og blomsterarrangement langs ringvei 1, 2 og 3. Iår er dette sjølvsagt enno vakrare og imponerande enn nokon gang før.

Eg har vore rundt og sett på nokre av ol anlegga og mange av dei er imponerande byggverk; spesielt ol-stadion «bird's nest» og svømmehallen. Eg trur leikane vil bli ein suksess og spesielt åpningsseremonien vil nok bli spektakulær. Er det noko kineserane kan så er det å sette i scene slike massearrangement.

Kineserane er veldig patriotiske og det er vel sannsynleg at dei vil bli beste nasjon og ta flest medaljar under dette ol. Den vanskelegaste medaljen å forsvare blir vel kanskje den på 110m hekk. Han har iet overmenneskeleg press på seg da alle kineserar forventar at han skal kopiere den overraskande seieren fra Athen. Hittil iår har Liu Xiang ikkje imponert så veldig, men han har heller ikkje deltatt på så mange løp, sikkert med hensikt.

Iallefall så er ol forberedt til aller minste detalj både på godt og vondt så det vil nok bli eit av dei mest velregisserte ol nokon gong arrangert. I tillegg er kineserane vennlege, imøtekommande og serviceinnstilte til tusen så alle tilreisande vil nok få eit minne for livet.